Forje helg kom Ellen på besøk! Det var stas det! Kjekt å ha nokon og feire bursdagen min saman med og alltid kjekt å sjå Ellen. Eg var heldig nok til å få frukost på senga med krone, kake, fløyter, bursdagssang og pakker. I tillegg til ein kjempe god frukost.

Dette var akkurat som i gamle dager.
Vi brukte tida ho va her godt. Vi for på lang kjøre tur i den engelske landsbygda, spelte høg musikk og sang av full hals.


Åt middag på ordentlig landsby pub og klatra gamle slott i storm!

I tillegg tok vi oss ein tur på The Royal Baths i Harrogate og fekk fyrstaklesses spa behandling og slappa av i boblebad. Innemllom desse utfluktene laga vi god mat, drakk vin og prata.
Det er lenge sidan eg har hatt tid saman med bare Ellen, og det var uturulig kjekt å ha henne på besøk.
Bilete kjem snart