Nye tider?

Eg avliva George paa torsdag. Eg er veldig glad for at eg fekk han heim en siste gong og fekk vendt med til tanken paa aa miste han. George har blitt bortskjemt meir enn nokon annan katt eg kjenner til dei siste vekene, og eg trur eg har nytt det like mykje som han.

Her om dagen vakna eg med han paa ryggen under dyna, men hovudet godt kromma inn i halsgropa mi. Eg hadde ikkje hjerte til aa staa opp for fleire timer. Det er slik eg vil hugse han, malande inn i oret mitt. Eg haaper krigsveteranen har gloymt alle dei tunge tidene paa gata og kun hugsar nye sengekle og ustoppeleg tilgang paa mat og kos. Det er det han fortener. No naar han er komen til katte-himmelen haaper eg han har faatt ein ny kropp slik at han kan klatre tre og leike med mus slik som han gjorde i ungdomstida. Eg kjem alltid til aa hugse han

Med George borte er det stille i leiligheita. Kenneth og Norman prova saa godt dei kan aa lage litt liv men det blir ikkje det samme. Eg har derfor funne ut at eg og gutta skal flytte inn i eit bufellesskap i Harrogate saman med 3 andre, og i dag har eg vore aa sett paa leiligheita og mott dei som bur der. Om alt gaar etter planen flytter eg inn fyrste august.

Forhaapentlegvis er det sant som dei seier “whatever happens, something good will come out of it”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.