Deilig med helg!

Kort veke på jobb, men like vel veldig deilig med heilg. Dette er fyrste helga på lenge eg ikkje har hatt nokon planar, og eg hamsta inn med å leige 4 filmer på Blockbusters og kjøpe ei flaske vin. Eg har vore på kino, tatt med George ut i “hagen” så han fekk litt frisk luft, baka boller og laga god middag. I tillegg har eg vaska ut av alle skap og skuffer, hatt slikkelig vårreingjering og kasta ut mangfoldige bossekker med ting og tang eg har samla opp over åra.

Det er befriande å ha ei strøken leiligheit, boller i ovnen, musikken på høgt volum og filmer i hylla som venter på bli sett. Av og til er det ingen ting betre enn å ha huset for seg sjølv. George søv på sofaen, Kennet og Norman søv i huset sitt og eg stryker uniformer til neste veke. Det er ein god søndagsfølelse, vindua står oppe (sjølvom det er litt i kaldaste laget) og sola skinner.

Våren er på veg, og eg gleder meg til fredag når mamma og pappa kjem på besøk

Forje veke var eg ute på tur med Sophia naboen min og hunden hennar Hugo. Eg legg ved nokre bilete.

Vakre ruiner og god utsikt

Fint tre i midten av vatnet

gammel bru

Gamle mynter i ei trestamme

Hugo

Elva vi gjekk langs

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.