Julefeiring

desember 27, 2009 av birgitss

Julafta og fyrste juledag vart feira på job. eg troppa opp med nissehue, sjokolade og mandariner i drøssevis, og forberedte meg på ei einsam julefeiring. Eg hadde kun ein katt å halde meg med selskap. Spot hadde nyresvikt og foretrakk eigentleg å vere i fred, så der var ikkje så mykje selkap å hente i henne heller. Julafta var stille. Eg såg tre nøtter til askepott (ellen hadde sendt meg DVDen i posten) og gjorde ellers lite.

Fyrste juledag vart eg invitert på julemiddag med sjefen. Dette er tradisjon for klinikken, og det var eit hyggeleg avbrekk frå klinikken sine fire vegger. Litt rart må eg innrømme at det var, tre retters middag med sjefen og kona, men god mat var det! Sjefen bur i eit nydeleg restaurert gadshus litt utanfor byen i nydelig natur. Alt var dekt av eit kvitt teppe snø, så det var rettere idyllisk. På menyen sto det heime avla gås med tilbehør. Sjølv fekk ej fyllt paprika.

Deretter var det tilbake på job. Hadde en travel kveld med mange telefonar og utrykkingar. Og eg var sjeleglad når eg endeleg kunne gå heim laurdags morgen.

Lianne og Jason var hyggelege nok til å kjøre meg til flyplassen i Manchester.

sjoføren bak rattet

 Deretter var det fly til Paris – Oslo, og så nattbussen heim. Mamma, pappa og ilex henta meg på bussstoppet. Det er så deilig å vere heime! Vi hadde stor julefrukost, og deretter pakkeopning. Føltest litt rart å vere den einaste som opna pakker, men eg koste meg som ein liten unge likevell. Tusen takk til alle for flotte julegaver!

Etter ein liten frukost-kvil for vi ut i hagen å laga snømenn. En snømamma, en snøpappa, en snøbirgit, en snøellen og en snøilex resite seg stolte over gvava til Josefine.

 

 

 

Ellen finpusser mesterverket

Orginalane posierar saman med snømenna

gullerot nase smaker godt!

Konger på hauen

Vi var alle svært nøgde med dagens insats!

GOD JUL

desember 24, 2009 av birgitss

Sidan sist har eg kjopt meg bil og faatt godtatt papira mine. Eg har offisielt sagt opp jobben min paa Oak Beck, og takka ja til job paa Abbey House i Leeds. Bilen som har faatt tilnavnet Timmy vert god aa ha naar eg skal pendle fram og tilbake til Leeds! Timmy er ein liten solvfarga Ford KA

Fine bilen

L-en er no tken vekk..

Eg har aldri for kjort paa venstre side av vegen, og sjolvom Timmy er liten og snerten sysest eg det er vanskelig aa vite kor mykje plass eg har paa venstre side av bilen. Paa trass av store snomengder og sommerfugler i magen har eg vert paa eit par kjoreturer rundt i byen. Det gaar betre og betre kvar gong og eg byrjer aa bli hakket meir konfortable i bil og gate. Over nyttaar naar eg kjem tilbake maa eg prove meg paa den lengre og meir avanserte ruta til Morley – gjennom Leeds. Ein kamarat av meg har vore saa hyggeleg og tilbydd seg aa kome med meg aa hjelpe meg til eg vert meir konfortabel paa vegen. Dette sett eg stor pris paa.

For augeblikket sit eg paa job. Heime er alle ferdige med julemiddagen og sit truleg i sofaen, stappmette men med kaker forran seg og skal til aa byrje aa opne pakker. Som tidlegare nevt trakk eg det korte straaet og skal jobbe til og med morgonen 2. juledag.

Eg har tatt paa meg nisse lua og har bunkra opp med sjokolade, lesestoff, brus og mandariner. Eg er forberedt paa alt, men forventer inget. For haapentelgvis gaar dei neste dagane fort, saa eg kan hoppe paa flyet heim!

God jul til alle der heime, saknar dokke mykje

Snømenn og slikt

desember 20, 2009 av birgitss

Det har snødd i eit sett dei siste dagane, og det ser lyst ut med tanka på ei kvit jul. Engeslkmenn er svært dårlig forberedt på snø. Det fasinerer meg at dei vert like sjokka kvart år, og at ingen forutser kaoset som følger med. Når eg vokna fredags morgen bestemte eg meg for å ikkje reise sørover til Coventry. Alle toga er forsinka om dagen og der var alltid ei moglegheit for at eg ikkje skulle kom meg tilbake. Dette var litt nedtur sidane eg hadde sett fram til å reise, men eg har i staden hatt ei rolig helg her i Harrogate. Harrogate er nydeleg i snøen!

Valley Gardens

 

I dag var eg på tur i Valley Gardens. Alle var ute med akebrett og tjukke jakker og luer. Hundane grov og rulla seg i snøen medan andre hadde snøball krig og laga snømenn. Eg laga meg ein liten snømann sjølv!

Snømannen Kalle

 

Ekorn på julemat jakt

 

Eg føler på meg at sjangsen for kvit jul her større her en heime. Dette følest ikkje rett!

Det snør, det snør, tidelibom

desember 17, 2009 av birgitss

Det fasinerer meg kor fort desember har gått! Før ein veit ordet av det er det berre ei veke igjen til julafta! Eg kjenner på kroppen at denne ferien er svært etterlengta, og at den er rett rundt hjørnet gleder stort! Alle julegaver er sendt, men eg frykter dei kan finne på å kome litt for seint. Så om du ikkje har fått pakke i posten før julafta, so fortvil ikkje, den er på veg! Kan kanskje vere koslog med ein liten pakke i romjula også?

I dag kom snøven! Kan ikkje skryte på meg store mengder, men eit tynt, kvitt teppe dekker gatene og hustaka. Kjempe koslig!

Veit for augeblikket ikkje noke meir anngåande den nye jobben. Venter på at karakterane mine frå skule skal bli oversatt og godtatt frå universitetet i London. Sjefen min veit at eg skal slutte, og har gitt klar beskjed om kva han synest om det. Eg fryktar det kan bli lite koslig den neste månaden, men håper eg skal klare å halde hovudet høgt og dra derifrå med mitt på det reine. 

I morgon reiser eg til Coventry for å feire bursdagen til ei venninde av meg frå universitetet. Reiser ned rett etter job i morgon og reknar med det vert å gå i ett til utpå dei seine nattetimar! Gler meg

juletre

desember 14, 2009 av birgitss

her kjem endeleg bileta av juletreet mitt..

Fine, falske juletreet

 

Julestjerne, juletre og julekalender

Det er julestemning i leiligheita. Med julestjerne, juletre og julekalender!

Forandring fryder!

desember 11, 2009 av birgitss

Mykje har skjedd dei siste vekene som ikkje har blitt nemnt her på bloggen. Eg søkte på ein lærslingsjob i Leeds for eit par veker sidan. Mest for å sjå meg litt rundt og sjekke ut kva ulike klinikkar kan tilby når det kjem til opplæring og timar. I tillegg var eg nyskjerrig på om dette halvåret med praksis ville gi utbytte og gjere det lettare å få job.

Fredag i forje veke var eg på jobintervju i Leeds. Dei var på utkikk etter ein lærling med erfaring. Abbey House Veterinary Hospital er ope 24 timar i døgnet slik som Oak Beck, og er det største Hospitalet i Leeds. Klinikken er delt inn i to, med den vanlege klinikken på eine sida, der dagens operasjonar tek stad, og sjukehuset på den andre der dei innlagte og alvorlig sjuke vert heldt. Dyrepleiarne jobbar på begge klinikkane. Abbey House sett opplæring av dyrepleiarar høgt, og medan ein studerer jobbar ein 40 timar i veka, ingen natte vakter og 1:4 laurdagar. I tillegg Slepp ein og betale tilbake når ein vert ferdig utdanna, og ein binder seg ikkje til noko meir en dei åra utdanninga tek.

Intervjuet gjekk veldig bra, og eg følte at eg verkeleg fekk presentert meg sjølv på godt vis. Onsdag fekk eg tilbud om jobben, og eg sa ja! Dei sa det hadde vore eit lett valg, og at eg hadde skillt meg ut frå dei andre søkarane både i kunnskap og engasjemang. Slikt er alltid kjekt å høyre!

No jobbar eg med å få orden på papira mine før eg kan offisiellt skrive under på kontrakta. Eg gruer meg til å seie opp, og forklare meg ovanfor sjefen, men eg trur eg gjer rett i å ta denne jobben. Det vert deilig å sleppe dei ukurante arbeidstidene!

Sidan Abbey House Ligg i Leeds vert eg avhenging av å pendle. Eg må derfor anskaffe meg bil. Dette synest eg er spanande, men litt skremande på same tid. heldigvis har eg venner som kan meir om bil enn meg!

Det vert slitsomt å starte på nytt nok ein gong. Men denne gangen har eg om ikkje anna litt erfaring innabords, og eg håper eg kan passa inn blandt dei ansatte. 

Sjekk ut klinikken på http://www.abbeyvetspets.co.uk

Sjukdom i desemberkulda

desember 6, 2009 av birgitss

Fyrste december kom frosten. Perfekt timing. Om med kulda kom julestemninga. Julekalenderen eg fekk av mamma og pappa har allereide hengt opp ei drøy veke, og det var kjempe stas å opne fyrste luka. Eg har skaffa meg juletre til å henge innhaldet på, julestjerne i vindauget og raude steartinlys. I tillegg har eg vore på juleshopping i Leeds og sett Love Actually. 

Med kulda kjem også forkjølelsen. For augeblikket er eg så og seie sengeliggande med feber, sår hals,vondt i ører og hovud, ei rennande nase og verkande ledd.Då er det kjekt å vere aleine.. Heldigvis har eg venner som tilbyr seg å handle og ordne det som måtte ordnast, og eg har hatt besøk både fredag og laurdags kveld. Så heilt aleine er eg ikkje. Men av og tilskulle eg ynskje eg heller kunne ligge på sofaen heime på andaneset..

Langhelg i Aber

november 30, 2009 av birgitss

Denne helga tok eg meg fri torsdag og fredag og reiste til Aberystwyth. Ein velfortent ferie! Den seks timars longe togturen gjekk fort. Minnene strømma på når vi kryssa den walisiske grensa, og eg gledde meg stort til å sjå igjen kjente og kjære. 

Aberystwyth har ikkje forrandra seg mykje. Og eg kjente meg raskt heime igjen. Var litt som å kome tilbake til Volda, som om ein aldri for der i frå.

Eg hadde stivt program. Lunsj med Charityshop damene var eit viktig innslag. Vi samlast over ein kopp te og eit stykke kake og oppdaterte kvarandre på nytt og gamlat.

 

Meg, Trina og Yvette

 

Ein tur innom Dyrlegen eg pleide å jobbe på var også viktig. Det slo meg for ei kosleg atmostfære der er. Her er Sjefts dyrelpleieren med jukse bart, barbert av kannen under. 

 

juksesjegget festast

bukkesjegg på skeiva

Skamklippt katt

 

Eg for ut på byen saman med mine tidlegare studiekameratar og sambuarar.

Mine tidlegare sambuarar

Og ein liten opplevelsestur saman med Emily og Jim. Begge nye eigarar av eit rosa føferkort!

 

Emily og Jim

Borth

Ynslas

Fint smilefjes i sanden

No er det tilbake til kvardagen og jobb. 

 

5 månadars evaluering

november 24, 2009 av birgitss

Eg sa til meg sjølv når eg flytta til Harrogate at eg skulle gi meg sjølv 6 månader før eg bestemte meg for om eg trivast eller ikkje. Eg har no vore her i snart 5 månader og eg tenkte eg skulle ta ei oppsummering.

Eg er hundre prosent sikker på at eg har valgt riktig yrke. Eg stortrivast som dyrepleier og liker alle utfordringar frå pleiing og medisinering av dei innlagte og overvåke narkose til kundebehandling og oppfølging av kronisk sjuke. Eg er på den andre sida ikkje sikker på om eg ynskjer å skrive under på kontrakta som binder meg til klinikken for dei neste fire åra.

Eg er ueining i mykje av måten klinikken blir driven på, og eg føler vi som hjelpe personell vert sett ned på i staden for verdsett. Eg stiller meg også kritisk til måten andre dyrepleiarar vert oppfølgt på med tanke på studier, og veit at fleire slit med å få tid til å studere med så mykje natte- og helge vakter som vi jobber. 

Personlig har eg eit godt forrhold til alle på klinikken kvar for seg. Men eg har aldri før vore borti eit så delt arbeidsmiljø og så mykje politikk mellom dei ansatte. Eg har frå starten av vore veldig bevisst på å ikkje fokusere på det negative, og ikkje vere ei kjelde for, eller starte negative diskusjonar. Dette meiner eg eg har klart fint sålangt, men merker det er vanskelg å ikkje bli innvolvert når personer eller hendelsar påverkar eller provoserar meg personleg. 

Eg har tenkt igjennom kva som er viktig for meg. Skal man tillate seg å bli behandla dårleg og bite tenna saman, eller skal man stå for det ein meiner er rett og risikere og vere i trøbbel. For augeblikket bit eg tenna saman. Men eg leiker med tanken på å utforske muligheitene mine. For augeblikket har eg det bra på klinikken, og eg lærer mykje kvar dag og er klar over kor viktig denne arbeidserfaringa er. Men eg vurderer   å ta utdanninga mi på ein annan klinikk. 

Eg har det derimot veldig bra i Harrogate. Eg stor trivast i byen, og byrjar å få meg eit sosialt nettverk. Sakte men sikkert vert ein kjent med fleire og eg vert meir og meir glad i byen ettersom månadane går. Så eg har ingen planar om å reise herifrå med det fyrste. Og sjølv om eg leiker med tanken på å kanskje bytte arbeidsplass i løpet av dei neste seks månadane (før eg startar studiene på college) har eg ikkje planar om å leite langt herifrå. 

Som eg har nevt er eg full klar over kor viktig denne arbeidsefaringa er for mi komande kariere som dyrepleier, og eg har ingen planer om å la meg knekke eller utpsykast til å ikkje trivast i den jobben eg gjer. Det er heller ikkje aktuelt å slutte utan å ha tilbod on ein ny jobb med like eller betre tilbod. 

Alt i alt er eg med godt mot. Eg føler eg gjer ein god jobb og stor trivast i leiligheita og byen. Eg føler der er mange store og viktige valg som eg må ta stilling til dei neste månadane med tanke på jobb og kariere, men føler for augeblikket ikkje at eg har dårleg tid. Så ikkje bekymre dokke på mine vegne!

november 21, 2009 av birgitss

Det har vore ei lang veke. Uendeleg lang. Men eg kom i mål, og er med godt mot. Har eigentleg vore greie nattevakter, så eg kan ikkje klage. Men det er utrulig godt med helg!

Har lite på agendaen. Skal på kino i kveld å sjå den nye Twilight filmen, deretter kanskje ut å ta eit glas vin eller to. Tida vil vise. 

Det store nye, er at eg har fått heimelaga julekalender med mamma og pappa! Dette er eg svært begeistra over og den har fått hedersplass på stueveggen. Den er forma som ei julenisse dame med 24 lommer på forkledet. Med ein liten pakke i kvar lomme. Gler meg til fyrste desember! I tillegg har den navnet mitt fint sydd på. Eg er kjempe fornøgd! Skal legge ut bilete snart.